Fagfornyelsen

Det store og vesle faget Framandspråk

18_ringer

Faget Framandspråk kan seiast å vere stort og lite på ein gong. Det er lite fordi elevar vanlegvis ikkje får tilbod i faget før på åttande trinn og fordi få timar er sett av til å lære framandspråk, for eksempel berre 227 timar på heile ungdomstrinnet.

Faget er stort fordi læreplanen skal romme læring av svært mange språk. Totalt kan elevar ta eksamen i heile 41 språk, anten i skolen eller som privatistar, og dette talet kjem truleg til å auke i tida framover. Dei mest vanlege framandspråka er fransk, tysk og spansk. Men ein kan også velje språk som kinesisk, arabisk, russisk, tigrinja og teiknspråk. Medan enkelte av desse språka er i nær familie med norsk, har andre språk eit skriftsystem, uttale, vokabular og/eller grammatikk som har lite til felles med norsk eller engelsk. I desse «fjerne» språka er det dermed mindre forkunnskapar å støtte seg til for elevane. Det seier seg sjølv at ein difor ikkje kan rekne med at elevar i kinesisk kan kommunisere like bra munnleg og skriftleg etter for eksempel 227 timar enn det elevar som lærer tysk eller spansk kan.

Korleis gi plass til alle framandspråka? Ei utfordring for gruppa som skal utvikle kjerneelement for faget Framandspråk, har nettopp vore å kome fram til kjerneelement som kan romme alle språka elevane lærer i dag, men også alle språka elevane kan komme til å lære og ville ta eksamen i i framtida. Kva har elevane uavhengig av språk til felles?
Modellen under viser kva vi meiner er kjernen i faget og korleis dei ulike elementa er relaterte til kvarandre.

figur
Dei fem kjerneelementa må sjåast i samanheng og er gjensidig avhengige av kvarandre. Hovudkjerna i faget er kommunikasjon; Elevane skal lære å uttrykkje seg hensiktsmessig skriftleg og munnleg på framandspråket, dei skal lese og lytte. Uavhengig av språka elevane lærer og kor mykje dei kan lære i løpet av relativt få timar, er oppøving av desse ferdigheitene eit hovudmål for faget. Ei anna viktig kjerne i faget er utvikling av den interkulturelle kompetansen til elevane. Gjennom å lære om andre kulturar og tenkjemåtar, skal elevane både utvikle ei betre forståing av «den andre» men også av seg sjølve. Den interkulturelle kompetansen har ein stor verdi åleine, men er og ei støtte når elevane skal kommunisere. Dei andre tre kjerneelementa er også sentrale kompetanseområde enkeltvis, men dei kan samtidig sjåast på som viktige verktøy på vegen til å kunne kommunisere og til å kunne utvikle den interkulturelle kompetansen. Gjennom å lære om og å utforske språka elevane kan, utviklar dei kunnskap som kjem til nytte i kommunikasjonen og i sjølve språklæringa. Likeeins gjer kunnskap om og utforsking av læringsstrategiar elevane betre i stand til å lære effektivt både i eit kortare og i eit livslangt perspektiv.

Vi har vald å løfte fram det digitale som eit eige kjerneelement, fordi vi ser på potensialet til digitale mediar og verktøy som særleg stort i faget framandspråk. Gjennom bruk av digitale verktøy kan elevane for eksempel øve seg i autentisk kommunikasjon med andre, dei kan oppleve, samhandle og forstå og slik utvikle den Interkulturelle kompetansen, dei kan nytte ulike program som er særleg utvikla for å støtte språklæringa og dei har rask tilgong til språkleg materiale som kan hjelpe dei med å vidareutvikle den fleirspråklege bevisstheita.

Oppsummert kan vi seie at kjerneelementa i det store og vesle faget Framandspråk er alle viktige delar av ein heilskap; dei verkar saman og forsterkar kvarandre gjensidig gjennom læring og bruk. Elevane skal først og fremst kommunisere på framandspråket, men for å kunne klare dette, treng dei interkulturell kompetanse, kunnskap om språklæring og om fleirspråklegheit. I eit samfunn i stadig endring og med auka vektlegging av digitale ferdigheiter, bør elevane dessutan ha ei kritisk, kreativ og utforskande tilnærming til læring og bruk av framandspråket gjennom digitale verktøy og mediar.

 

Forrige innlegg Neste innlegg

1 Kommentar

  • Reply Linda M Borlaug 3. oktober 2017 at 14:24

    Veldig godt uttrykt!

  • Legg igjen kommentar